Sett inn:    
Synlighet:     Module:   
 

     

                                                                               

 



           

My scholarly supervisors are severe, they usually want me to bring only itemized narrations, however it is really sticky for me. Pupils targeted to address for specific support skillful websites such as custom written term paper

Bakgrunn  

Halsnøy ligg i Kvinnherad kommune, men er ikkje landfast med sitt kommunesenter. Kvinnherad kommune har omlag 13 000 innbyggjarar, der omlag 2 300 bur på Halsnøy.

Halsnøysambandet har gitt 2 300 personar på Halsnøy ferjefritt samband til fastlands-Kvinnherad og vidare inn på stamvegnettet via Folgefonntunnelen. Halsnøysambandet fører til at Husnes sentrum får eit næromland på over 9 000 innbyggjarar (15 min. reisetid). Dessutan har Kvinnherad fått betre samband vestover mot Stord og Kyststamvegen (E39).

Arbeidet med å planleggje for eit fast vegsamband til Halsnøy starta tidleg på 1980 talet, og ulike løysningar vart vurdert. Ei kort oversikt viser:

1984 - Kvinnherad kommune gjev midlar til eit forprosjekt
1984 - Kommunal nemnd nedsett
1987 - Selskapet Fastlandssamband Halsnøy AS vert stifta. Kvinnherad kommune er hovudaksjonær, øvrige aksjonærar er Stord kommune og næringslivet i Kvinnherad kommune
1987 - Hovudplan for undersjøisk tunnel og fylling/bru
1994 - Forslag til kommunedelplan med tre alternative hovudløysingar
1995 - Kommunedelplan basert på undersjøisk tunnel godkjend
1997 - Reguleringsplanarbeidet startar
1998 - Reguleringsplan godkjend
1998 - Bompengesøknad fremja
2003 - Reguleringsplan justert
2003 - Regjeringa vedtek i statsråd 26. september å fremja proposisjonen om Halsnøysambandet
2003 - St.prp. nr. 84 (2002-2003) "Om utbygging av riksveg 544 Halsnøysambandet med delvis bompengefinansiering" vart vedteke i Stortinget 20. november.

- Halsnøysambandet reduserer reisetida mellom sentrale delar av Halsnøy og fastlandet frå 40-50 min. til 10-15 min.
- Tenestetilbodet i kommunen ligg i hovudsak på fastlandet. Fast vegsamband til Halsnøy gjer det mogleg å forbetra tenestetilbodet og gjer det lettare tilgjengeleg for alle innbyggjarane i kommunen.
- Pendlarane får kortare reisetid og ein utvida arbeidsmarknad. For næringslivet i området bidreg sambandet til auka konkurranseevne.

Halsnøysambandet er ei viktig og avgjerande brikke for Sunnhordlandsregionen sin framtidsretta samferdselsstruktur, der Trekantsambandet, Folgefonntunnelen, Jondalstunnelen og Halsnøysambandet utgjer ein heilskap.

     
 
Logg inn